Blomsterkjelleren Gravferdsbyrå
Blomsterkjelleren Gravferdsbyrå
  • English  English
  • Norsk  Norsk
  • Svenska  Svenska
  • Dansk  Dansk
  • Nederlands  Nederlands
  • Hjem
  • Til byråets hjemmeside
  • Om
  • Vilkår
  • Tilgjengelighetserklæring
  • Privacy policy
  • Cookie policy
  •   Administrator innlogging
Meny
Gå til hjemmesiden
  • Hjem
  • Bestill blomster
  • Om begravelsen
  • Dødsannonse
  • Galleri
  • Program/Minnebok
  • Del
  • Portal


    Ebba Karoline Korsnes

    Født 14. april 1925
    Død 10. mai 2024


    Minneord

    Ole Jan Korsnes
    2024-05-24
    Minneord

    Minneord for Ebba Karoline Korsnes, f. Breivik. 14.04.1925 10.05.2024

    Mamma var fødd den 14. april 1925, som nummer tre av seks søsken, på Vikna i Nord Trøndelag. Foreldra var Kristine og Ingvald Breivik.
    I dag er det kun ein yngre bror, Kolbjørn, som er att av søskenflokken.

    Mamma kom til Sunnmøre i 1942 med «MS Storegg» og starta då i teneste hos Astrid og Elias Kalvøy på Store-Kalvøy. Tre tanter, ei søster og eit jamnaldra søskenbarn var i området frå før, så det sosiale nettverket var alt på plass.
    Ho fekk mykje ansvar og vart fort ein av familen hos Astrid og Elias. Det var gode år til tross for krigen.
    Seinare ténte ho på Otterremma på Fjørtofta, der ho var når freden kom. Etter krigen var ho i teneste på Plassen på Søvikneset og hos Martinussen i Gamlemshagene.

    Mens ho ténte i Søvika møtte ho Pappa og dei gifta i 1949.
    I løpet av dei neste 12 åra kom Kjellrun, Bodil, Endre, Ole Jan og Åse til verda.

    Familien voks opp i Korsnesgarden, der Mamma og Pappa skapte ein god og åpen heim. Saman med Pappa, som også var i arbeid som snikkar, tok Mamma seg av borna og gardsarbeidet på småbruket. Midt opp i småbarnstida, la Mamma ned ein verdifull jobb i stell av svigermor si, Inga, inntil ho døydde av MS i 1959.

    Mamma vart i 1968 diagnostisert med hofteleddsartrose og ho var dei neste 25 åra gjennom åtte operasjoner med utskifting og reparasjon av hofteledd på Sophies Minde i Oslo. (Ho vart nærmast å rekne som ein slags pioner på det området.) Ho hadde eit ukuelig pågangsmot, og klaga aldri.

    Mamma likte å reise og drog på mange turer saman med med Pappa.
    Ho hadde eit nært forhold til alle søskena sine, som var spreidd frå Vikna og Namsos i nord, til Sauda og Skånevik i sør, og heldt gjennom alle turane med campingvogna, ei tett kontakt med dei.

    Det vart også mange turer til Sverige på camping og handling. Det vart nok satt til livs relativt mykje både fleskebein og bacon etter dei turane

    «Snippen» var en liten oase dei laga seg ved eit fiskevatn, like ved barndomsheimen i Vassbotne på Vikna. Her hadde dei ei campingvogn ståande, som vart eit naturlig samlingspunktet for søsken og vener i mange år.

    I Hildredalen hadde dei også ein kjær plass. Der var dei rett som det var og der tok dei imot mykje besøk, av både familie og forbipasserande vener. Dei likte å fiske og Mamma tilberedte mange måltid med småkre der. «Kast mot Veten, der står fisken» sa ho alltid.

    Etter at Pappa døydde i 2003, vart det nye turer, no med hurtigruta på eigenhand, nordover til sitt barndoms rike. 20 gongar t/r rakk ho.

    Hobby og handarbeid var også viktig i livet til Mamma. Medan Pappa snekra og dreia, strikka og monterte ho. Dei deltok på utallige messer i nærområdet. Mange rømmekoppar, færøylabbar og nåleputer og anna, står rundt omkring i heimane i distriktet i dag.

    Mamma hadde som sagt fysiske utfordringar og for å få det litt enklare i kvardagen, flytta ho i 2016 inn i si eiga praktiske leilighet i «Hesteskoen» på Haugane på Vatne. Ho angra aldri på det.
    Her styra ho seg sjøl, strikka og hekla og nytte dei siste åra saman med andre i same alder. Som det sosiale vesenet ho var, passa dette midt i blinken.
    Ho var flink med mat og kokte til seg sjøl heilt til det siste. Spesielt tradisjonsmat frå Trøndelag stod hennar hjerte nært.

    Mamma hadde mykje humor i seg og latteren satt laust. Trønderhumoren hadde ho i ryggmargen og ho syntest det var ekstra moro å få spele folk eit lite puss i ny og ne.

    Ho var glad i å fortelje historier, og rett som det var kom ho med eit vers ho hugsa frå barndommen eller ungdomstida si. Musikk var også viktig for henne. Det vart spelt mange gamle svisker når vi var på besøk på opp igjennom åra og den siste tida var «I natt jag drømde» ein klar favoritt.

    Mamma fekk oppleve å få, og bli godt kjent med 10 barnebarn, 20 oldebarn (inkludert 3 bonusoldebarn) og 2 tippoldebarn. Ho likte å spele brettspel og det vart mange stunder med spel saman med barnebarn og oldebarn i heimen, både på Hildre og på Vatne. Kvar jul og bursdag vanka det naturligvis gåver til alle og då aller helst ting ho hadde laga sjølv.

    Den 14.april fylte Mamma 99 år. Den dagen feira ho sammen med alle sine næraste. Ho var i sitt ess denne dagen og vi såg at ho storkosa seg. «Sjå for en stor flokk eg har», sa ho, både stolt og lykkelig. Dette var ein dag vi vil huske for resten av våre liv og den vart, uten at vi visste det då, eit verdig punktum for det rike og gode livet Mamma fikk.

    Den 10. mai døydde ei sterk og unik Mamma med sine næraste kring seg.

    Margrete og Kolbjørn. Ingvald, Anne, Ola og Kristine
    2024-05-14
    Minneord

    Tusen takk for gode minner ️❤️

    Ruth
    2024-05-13
    Minneord

    Takk for gode minner tante ️

    Bibbi
    2024-05-13
    Minneord

    Takk for gode minner

    Åse
    2024-05-13
    Minneord

    Takk for alt du var for oss, kjære mamma. Fred over ditt minne


    Tente lys

    Ingebjørg og Mindor
    2024-05-21
    Ivar Egil og Siv Vibeke
    2024-05-20
    Markus korsnes lamo
    2024-05-18
    Ruth og Eldar Korsnes
    2024-05-17
    Edel og Nils Mørkeseth
    2024-05-16
    Jens Vidar
    2024-05-16
    Kari og Oddbjørn Tennøy . Minnes en god nabo 🌹
    2024-05-15
    Arve og Bodil Sjølstad
    2024-05-14
    Inger og Harald Nygård.
    2024-05-14
    Per Bjørnevik
    2024-05-14
    Margrete, Kolbjørn og Ingvald, Anne, Ola og Kristine
    2024-05-14
    Inger Johanne og Endre
    2024-05-14
    Hans Kristian Slinning Korsnes
    2024-05-14
    Randi Sjølstad takk for gode minner
    2024-05-13
    Ingvild Korsnes Daasvand
    2024-05-13
    Åshild og Helge Terøy
    2024-05-13
    Unni og Kjell Ingvald
    2024-05-13
    Kjell Ingvald Mayre
    2024-05-13
    Marianne og Olav Korsnes
    2024-05-13
    Evy Helland
    2024-05-13
    Ruth og Rolf Håland
    2024-05-13
    Solbjørg og Ove
    2024-05-13
    Bibbi Sjølstad m.fam.
    2024-05-13
    Oddhild Gåsland
    2024-05-13
    Ole Martin Helland Korsnes
    2024-05-13
    Jørgen Grydeland med familie ❤️
    2024-05-13
    Synnøve Korsnes Berget
    2024-05-13
    Vibeke Korsnes Sundal
    2024-05-13
    Erik Håland
    2024-05-13
    Åse Korsnes
    2024-05-13
    Takk for gode minner❤️ Lill Ingunn og Frode
    2024-05-13
    Tor Erik Korsnes, Athea, Emilian, Benjamin
    2024-05-13
    Leif Idar og Torhild ❤️🌹
    2024-05-13
    Nina Renate Korsnes, Markus, Matheo og Sofia ❤️
    2024-05-13
    Henriette
    2024-05-13
    Jonas Korsnes 🌹🤍
    2024-05-13
    Kjellrun og Gunnar
    2024-05-13
    Pia, Dani, Alexander og Patrick 🤍🌷
    2024-05-13
    Carolina K. Hurlen
    2024-05-13
    Sølvi og Ole Jan
    2024-05-13
    Bodil k Hurlen
    2024-05-13
    Blomsterkjelleren
    2024-05-13

    Blomsterhilsner

    Kjell Ingvald Matre
    2024-05-16

    Takk for gode minner kjære tante
    Inge Emil
    Kjell Ingvald & Unni
    Leif Idar & Torhild
    Ruth & Rolf


    • Share in Facebook
    • Copy link
    • Send to mail